Naturnært

  • Blogg
  • Naturveiledning
    • Grunnleggande orientering
    • Vinterfeltkurs
  • Foredrag
  • Trekkhund
    • Kennel Kalaaliaraq – Lille Grønland
    • Om oss

Telttur og topptur – Grøndalen og Sunndalsnipa i store mengder snø

18. juni 2015 by Therese Leave a Comment

24.01.2015: «Hvor er buksa mi, hvor er jakka mi, hvor er bålposen, brenner`n, hvor er skia mi?»……Omtrent slik høyres det ut når eg skal på tur i komfortsona. Eg er eigentleg ganske strukturert  når eg skal på tur. I alle fall når eg har ansvar. Når eg skal avgarde på skitur saman med vener, og har berre meg sjølv å tenkje på, har det ein tendens til å bli pakking på 13 minutt og 40 sekund. Og det går alltid bra. Nesten.


Friday afternoon  late January: «Where are my pants, where is  my jacket, where is the stash for making campfire and where is my stove?» This is what it sounds like when i am going on a trip in THE comfortzone. I am really quiet an organized person. At least when i have responsibilities. When i am going skiing with friends…..well, it tends to be a different story. Packing in 13 minutes and 40 seconds. And it always turns out well. Almost. 

Ettermiddag. Turfølget kjem sigande frå ytre delar av Sunnmøre ein etter ein. Konseptet er «mestmoglegtur på 24 timar», før familie, arbeid og andre forpliktelsar krev sitt resten av helga. Værmeldingane er noko tjafsete, med vind og nedbør, men me reiser likevel. «Me» er denne helga eg, Mildrid, Lene og Sygni.

DSC05965

Ein ting er felles for tur med kajakk og pulk: IKEA baggar funkar godt som gull. Kast oppi, samle det i luker eller pulkpose ved avgang. Snerte for oss siste-liten-pakkarar. Eller for meg-siste-liten-pakkar heiter det kanskje.

IKEA baggar og ski finn plass i bilane, og me stilar mot Grøndalen, 400 moh. Grøndalen er ei snøhole utan sidestykkje på grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Målet for turen er teltcamp på Grøndalsstølen, og ein topptur på Sunndalsnipa 1396 moh i morgo. Køyreturen er eigentleg kort, men vert likevel ein time i dag, då føret og vær er særs snørikt!

Grøndalenmedbloggers

Køyrer nokre meter forbi Osdalssetra, over brua og parkerar på brøyta p-plass aust for Stolahaugen. Undrar oss på om me i det heile teke kjem oss herifrå i morgon, slik som han legg ned!

DSC05966

Det er system her altså!

Ut med ski og ut med pulk. Øh…i alle fall nesten. I forfjamselsen og 13 minutt og 40 sekund-pakkinga mi, har eg gløymt noko vesentleg. Pulk. Eg flirar for meg sjølv.

Er det mogleg! Å køyre attende på dette føret er ikkje tema. Heldigvis har Sygni pakka i sekk for så å skulle legge den på pulken. Ho tek min pulkpose og bagasje på pulken sin, og eg ber hennar sekk.

DSC05970

Damer på husmorferie kjem seg ofte seint avgarde….det har ingenting med underteikna si somling å gjere!

Me forserar brøytekant med nittenogenhalv i stil, og labbar innover eit skikkeleg winterwonderland. Det er heilt utruleg at det kan være så stor forskjell innan ein pitteliten radie på omlag ein times kjøring. Ute på Ytre hjå Mildrid, og i Ålesund og på Valderøya der dei to andre har tilhald, er det relativt mildt og snøfattig akkurat no. I Grøndalen er det vinter med stor V!

10952262_10152640072263715_7540160567367792153_n

Brøytekant. Foto: Mildrid Flø

I kveld skal me berre luffe dei få kilometrane inn på stølen. Desse skal me til alt overmål gå attende i morgo når me skal på Sunndalsnipa. Overnattinga har dermed låg grad av logistikkmessig funksjon. Den er berre for kosen sin del.

DSC05981

Snø, snø og atter snø 😀

Mildridsitt

Den perfekte stad for leir.

Me finn den ideelle stad for å slenge opp telta våre, og sett i gang med trakking av laussnø. MYKJE laussnø. Me trakkar. Og trakkar. Trakkar litt til. Og endå litt til. Det er ein av desse dagane. Det vert aldri fast dekke. Me gir oss når det er godt nok, og satsar på at det vert bra med litt tid, når snøen får sett seg.

DSC06002

Kveldsrutiner. Heilt i overkant optimistisk med gass her, men bensinbrennaren min har harkla i det siste og vedlikehaldet (kremt) gjer seg vist ikkje sjølv.

Teltlivet

DSC06017

Morgonrutinar.

DSC06024

Morgonstund har gull i munn. I alle fall når den ser slik ut.

DSC06026

Liv hjå naboen og gitt.

DSC06030

Klar for topptur, Mildrid fremst, Sygni i midten og Lene bak.

DSC06032

Herr Harehopp er også på tur, men vel og gå sine eigne vegar. «Ingen vet hvor……?»

DSC06036

Nokon har ei god treningsøkt i vente.

DSC06038

Opp i Litlevassdalen er det snørikt så det held. Det vekslar mellom knehøgt og midt-på-låret høgt.

Me tråkkar og går, medan me observerar endringane i været. Meldingane som seier skikkeleg ruskevær inn frå syd-vest, ser etter alt og døme ut til å stemme. Med brøytinga som ligg føre oss, og sikta som me ser kjem til og frosvinne med det været som er på veg inn, tek me ei avgjerd om og flytte dagens topp noko nærare. Den heiter ikkje lenger Sunndalsnipa, men høgde 722.

Med peikar den ut og tek ei felles avgjerd om at der skal me snu.

 

10941001_10152640073203715_5804774153144996353_n

Ruteval in the making. Foto: Mildrid Flø

Point of return. Foto: Mildrid Flø

Fellar av, og kjøre modus på. Eller? Bindingane mine kranglar, og eg vert skikkeleg irritert. Greier ikkje skyve haka over frå gåmodu til kjøremodus, på grunn av ising. Berre ein ting og gjere, og det er å leite fram thermosen og spandere nokre edle dråpar Yogi-the på bindingane. Då vert dei for ei stakka stund av-isa, og råd å handtere. Nøgd sett eg avgårde. Eller det vil sei, så avgårde som ein kan sette når snømengdene er endeslause og brattleiken er so som so. Eg angrar brått på at eg ikkej tok pudderskia mine. Slik det er no er det berre ein ting og gjere, opparbeide seg fart, og stå rett ned. Svinging eller noko forsøk på styring grev berre skia ned, så det er uaktuelt. Den einaste som flyt er Sygni, ho har breie ski med god flyt. Problemet er berre at ho er den av oss som minst har lyst på fart i dag, og ein kan ved fleire høver høyre lett forskremte vræl ned sida. Me flirar godt alle mann, og humøret er upåklageleg, til tross for kranglebindingar, forskyvd mål og enorme mengder laussnø (luksusproblem eigentleg).

 

DSC06042

Humøret er på topp.

10420095_10152640073553715_4134197228717150981_n

Sygni i farta, med god flyt. Foto: Mildrid Flø

DSC06047

Tilbake i leir. Luftfuktigheita og snøtyngda gjer sitt for den slakke framtoninga på telta.

DSC06050

Brøytekant forsert i elegant stil.

DSC06052

Fire fine frøkner.

Eg og Lene har faktisk prøvd på ein tur på Sunndalsnipa før. Me campa i Grøndalen og var klar, men når morgonen kom såg ryggen ekstremt snøfattig ut, og resten var heller ikkje spesielt freistande. Me gjorde også den gongen ei kjapp endring av mål, og fekk ein fin tur til Eidskyrkja i staden, eller Kjirkjefjellet som gammaltfolket sei. Eidskyrkja er eit av dei flottaste skifjella i Volda etter mitt begrep, og eg blir ikkje lei den turen. Lene si skildring av den kan du lese her.

Filed Under: Topptur vinter Tagged With: #Nattinaturen, 2015, Grøndalen, Lene, Mildrid, Skitur, Sunndalsnipa, Sunnmøre, Sygni, Topptur, Vennetur, Volda

Legg igjen en kommentar Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Naturnært gjennom blogg

Pelskant

Hei!

På Naturnært vil du finne informasjon om det eg driv med knytt til natur, i arbeid, skule og fritid.

I bloggen min delar eg med ujamne mellomrom nyhende, historier og små rapportar frå det som går føre seg, for den som vil halde seg oppdatert.

Velkommen inn 🙂

Kategoriar

  • Bretur
  • Familietur
  • Foredrag og forteljing
  • Grønland på ski – Nansenruta 2017
  • Kajakk
  • Natur- og kulturminneoppsyn
  • Skitur
  • Svalbard – Prins Karls forland 2015
  • Topptur sommar
  • Topptur vinter
  • Trekkhund
  • Turtriks og utstyrstips

Ein smak av fjell, fjord og kvilepuls

Naturnært på Instagram

Copyright © 2018 · Naturnært · Therese Moe Øye