Naturnært

  • Blogg
  • Naturveiledning
    • Grunnleggande orientering
    • Vinterfeltkurs
  • Foredrag
  • Trekkhund
    • Kennel Kalaaliaraq – Lille Grønland
    • Om oss

Miniferie i Rondane – Dag 3 – Om vaflar på Rondvassbu og heimreise

25. juni 2015 by Therese Leave a Comment

Måndag 16.03.2015: Kjenner i det eg vaknar at det spådde væromslaget har kome i løpet av natta. Soveposen er i overlag varm, og det er ikkje rim på innsida av teltet. Eg fyrer i gang primusen, og skyv han ut i døropninga. Likar ikkje fyre inne i dette teltet. Ute er det ikkje så mykje å sjå, anna enn i dalføra. Eg slappar av i soveposen medan eg med jamne mellomrom fyller snø i kjelen over brennaren, og tenkjer på dagens plan. Det er sikt i dalføret, men toppane er vekke. Berre i korte drag ser eg ein fjellvegg her og der for nokre minutt. Lenger oppe ligg dekket stabilt.

IMG_0658

Veslebu er så lågt under taket og med såpass dårleg ventilasjon samanlikna med eit reint vintertelt, at med mindre veret er heilt over styr sett eg brennaren i døropningen.

Er det noko eg finn lite givande er det å stå på ein ny topp, eit par tusen meter over havet, og ikkje sjå noko. Det ser heller ikkje ut til å skulle lette opp utover dagen, det er ikkje eit «slikt verlag». Eg droppar tanken om Storronden. Bestemmer meg for å ta ein vaffel på Rondvassbu, og rusle utover til Mysuseter. Om det er litt betre sikt lenger sørover, kan eg kanskje sette frå meg pulken og ta ein liten avstikkar opp på ein av dei meir avrunda formasjonane i Frydalen landskapsvernområde. Ranglarhøe kanskje?

IMG_0656

Eit heilt anna verlag enn dei foregåande dagane.

Eg pakkar saman og lesser pulken. Dreg fram det stive draget i staden for taudraget,
då eg ikkje har med bremsetau til å slenge under pulken,
og bakkane ned mot Rondvatnet er glasserte.

IMG_0657

Dette er den beste sikta eg får under morgonstunda mi. Ikkje eingong vesle Svarthammaren på 1751 moh viser på noko tidspunkt heile seg.

I det eg kjem ned bakken dreg eg kjensel på dei tre karane eg prata med i går, dei skal gå ein runde innover Rondhalsen. Den vidare turen til topps på Veslesmeden har dei meir eller mindre slege frå seg på grunn av sikta. Det er likevel godt å berre rusle ein runde med lett dagstursekk synes dei. Karane skal som meg ut av fjellet i dag, så tungsekkane skal på seinare. Me vert ståande å skravle ei stund, og dei fortel at dei hadde spøka om å servere meg kaffi «på senga» i forbifarten, men hadde konkludert med at eg nok var våken lengje før dei var komne opp i området eg telta i. Vidare kunne dei fortelje om ei gruppe med tyske menn på tur, som hadde vore nærast sjokkskadde under middagen i går. Dette fordi dei såg meg rusle oppover bakkane, og følgelege spurte, kven det var som var ute så seint åleine? Karane hadde svara, at eg budde i telt der oppe, rett over kanten. At eg ikkje skulle så langt, så «no worries». «What? Ein fraulein? Alein?» var svaret dei fekk. Det var utenkjeleg for desse tyske mennene at ei kvinne ferdast slik, åleine i fjellet, anten det var sumar eller vinter. Vel vel. Noko lattermilde tek me farvel, og ruslar i kvar vår retning.

DSC_0957

Rømmevaffel på Rondvassbu.

Nede på Rondvassbu har eg god tid. Sidan eg ikkje skal på nokon topp, kan eg like godt ta livet med ro inne i fjellet, som å sitte på butikken på Mysuseter å vente på sjåføren. Eg kjøper vaffel og kaffi.
I det eg har svelt fyste biten ser eg at eg sjølvsagt skulle teke bilete av han FØR eg åt av han, medan han var delikat og dandert. Eg tek meg sjølv i å tenkje at eg skal kjøpe ein ny for å ta bilete av. Då må eg flire, og minne meg sjølv på at eg trass alt skriv turblogg og ikkje matblogg. Den siste hadde blitt ei begredeleg affære, så elendig som eg er på kjøkkenet. Eg får i meg vafla og kaffien, og startar på turen ut att.

IMG_0667

Denne pulken har kjørt på alt av føre. Frå asfalt, leire og moreneslam til bruer, fergedekk og ur, you name it, me har vore der.

IMG_0659

Utsikt.

For mange kan det verke keisamt å gå slik, med lite utsikt. Eg kan være samd i at under lengre bolkar og lange dagar med total whiteout, kanskje med vind og dårleg ver attpå, så kan det være slitsomt. Men dette, lågt skydekke og tåke, er ikkje hverken slitsomt eller keisamt. Tvert om fører det til at andre sansar enn synet vert skjerpa, og ein både luktar, anar og høyrer ansleis. Det er faktisk ganske flott!

IMG_0669

Siste rest av den slake stigninga opp frå Rondvassbu.

Oppe på flata legg eg om frå feller til smurning, og distansen ut til Tjønnbakken går som ein røyk. Før eg får sukk for meg står eg ved den stilige hytta att.

IMG_0672

Ei slik kunne eg tenkje meg. Som hus vel og merke.

IMG_0674

Ved Tjønnbakken

Eg skodar bort på Ranglarhøe. Me har kome ein del lågare og her er det bra sikt, eg får nok grei utsikt sydover om eg går opp der. Men, der er ikkje snø. Det er heilt avblåst på rabbane. I det eg står og vurderer om eg skal gå meg opp på føtene, tikkar meldinga inn, sjåføren er tidleg ute, og ved Mysuseter om ein time. Thats it. Ranglarhøe får vente til ein annan gong. No står det att to kilometer med nedoverbakke.
Løypeeeeeeeeee!

IMG_0676

Skiannlegget på Mysuseter i fjellsida rett fram.

IMG_0679

Parkert på butikken på Mysuseter. Ferdig i teneste for denne gong.

Vel nede på Mysuseter parkerar eg doningen og går inn etter ein kaffi.
Det har vore nokre flotte dagar i fjellet. Eg er overtydd om at eg kjem heim som eit betre menneskje enn når eg reiste.

Bevegelsar åleinetur Rondana

Omtrentleg skisse av ruter.

Området eg har vore i høver for alle dugleiksnivå, her er toppturar av enkel karakter, og av meir avansert karakter.
Her er snilt skiterreng for born, og slik fint for familiar.
Korte avstandar mellom fleire av hyttene, gjer at Rondane er eit godt alternativ for den som skal campe i vinterfjellet med telt for første gong, og som ynskjer hytter berre «eit steinkast» unna. Eller om du vil som meg, rett og slett berre kose deg storveies i høgfjellet nokre dagar, utan alt for lang anmarsj eller køyring.

Link til dag 1     Link til dag 2

Filed Under: Skitur Tagged With: #Nattinaturen, 2015, Jutulhogget, Mysuseter, Rondane, Rondvassbu, Skitur

  • 1
  • 2
  • 3
  • Next Page »

Naturnært gjennom blogg

Pelskant

Hei!

På Naturnært vil du finne informasjon om det eg driv med knytt til natur, i arbeid, skule og fritid.

I bloggen min delar eg med ujamne mellomrom nyhende, historier og små rapportar frå det som går føre seg, for den som vil halde seg oppdatert.

Velkommen inn 🙂

Kategoriar

  • Bretur
  • Familietur
  • Foredrag og forteljing
  • Grønland på ski – Nansenruta 2017
  • Kajakk
  • Natur- og kulturminneoppsyn
  • Skitur
  • Svalbard – Prins Karls forland 2015
  • Topptur sommar
  • Topptur vinter
  • Trekkhund
  • Turtriks og utstyrstips

Ein smak av fjell, fjord og kvilepuls

Naturnært på Instagram

Copyright © 2018 · Naturnært · Therese Moe Øye