Naturnært

  • Blogg
  • Naturveiledning
    • Grunnleggande orientering
    • Vinterfeltkurs
  • Foredrag
  • Trekkhund
    • Kennel Kalaaliaraq – Lille Grønland
    • Om oss

Om blåkular, døgermarsj og depot

1. oktober 2015 by Therese 2 Comments

10.07.2015: Det er morgon på Traquaristranda. Me er på dag 7 på tur, og sekkane er betrakteleg lettare enn ved start. Det er berre og nyte det i dag, for i morgo har me vonaleg plukka opp eit nytt depot, og sekken har fått auka vekta att.


10.07.2015: It`s early morning at «Traquaristranda», and some are better at early starts then others. It is day 7 of our trip, and our backpacks are muichlighter then they were when we first began. Better enjoy this fact the rest if the day, because tomorrow, hopefully we hace picked up the third depot of food, and they are back to the normal «alittlehaviertheniprefer». 

DSC06847

Go`morn 🙂

Planen i dag er på kome så nært Petuniaskaret som mogleg, slik at det for dei som skal krysse over skaret og til austsida etter depot, vert kortast mogleg veg.

DSC06817

To gode venner.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dei gode stundene. Foto: Nina Karoliussen.

IMG_5722

<3 Foto: Anders Kristensen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det daglege arbeid. Foto: Nina Karoliussen.

Dagen byd på ein del elvekryssingar. Sjølv om strekket me skal gå i dag syner seg å være betre enn frykta, tek det tid å tråkle seg over fuktig landskap, elvedelta og sletter. Når me har att fem kilometer til Petuniskaret ser me at me ikkje har så mykje meir å gå på, hverken store eller små. Me har gått ein bra dagsmarsj i smårufsete terreng.

IMG_5727

«Skulle det ikkje være sjangse for å finne litt meir rennande og reint vatn borti her? Hadde vore fint med ein camp med god vasskvalitet om me får det til». Foto: Tone Drabløs.

Og er det ikkje typisk? Når ein endeleg skal slå leir, er det plutseleg litt lenger mellom dei gode vannhola enn det har vore tidlegare på dag. Me er smålei dårleg vasskvalitet, og tek ein runde med kartet. Me skal komme til ein stad med rennande vatn litt lenger framme. Me sett i marsj att, og til rennande vatn kjem me.

IMG_5656

Jaudå, her betrar det seg. Foto: Tone Drabløs.

IMG_1176

Og då er valet av nattas leirplass enkelt.

Me hiv oss i rutinene med ein gong. Eg og Anders bestemmer oss for å marsje etter depot i natt. Det vert tøft, spesielt med tanke på at me har ein av dei lengste dagsmarsjane på denne turen bak oss. Likevel kjem me fram til at det er greit å berre få det unna. Resten av gjengen får ta ein halv kviledag i morgo, så me får nokre timar søvn når me er tilbake. Dei andre voksne ordnar bjørnevaktene etter  eit vaktlag på tre, og omlag me sett av. Ein satelittelefon og ein nødpeilesendar hjå oss, eit sett i leir. Avtale om oppringing kl.09:00 om me ikkje er tilbake att.

IMG_1179

Men å erte syster si? Det vert ein aldri for sliten til 😉

2015-07-11_04.25.44

Petuniaskaret inn til venstre der framme. Det som ser ut som eit lite steinkast unna er 5 km.

DSC06819

Klekkeri for kamikazeflygerar (raudnebbterne).

På vegen ser me mykje dyreliv, og me kosar oss. Sjølv om dette vert eit tøft døger totalt, er det litt deilig å være berre oss. Nokre timar i tosomheit.

DSC06823

Oppover går det.

Me nermar oss det høgst punktet på Petuniaskaret omlag i eittida, og her byrjar føret verkeleg å bli trasig. Seig masse, dekt av tusenvis av kvasse skiferheller og anna stein. Ein sig nedi til oklane, og steinen skjær store stykkjer or gummien i fjellstøvlane. Det erkje fritt for at føtene byrjar seie frå. Og me har framleis ein lang veg til depotet. Og me skal tilbake.

IMG_1193

Skodar utover landskapet på veg ned mot indre delar av Selvågen, Kulpen. Inngangen til Scotiadalen framme til høgre.

DSC06834

Klokka er 03.08 på natta, og me skimtar så vidt i den sydlegaste tangen på lagunen som depotet er plassert på, langt der framme til venstre.

Etter noko som verkar som ei eve, skimtar me lagunen der depotet ligg på yste arm. Spenninga stig. Er det inntakt? Har bjørnen vore her? Depotet er pakka både i striesekkar som bind lukt og i lufttette pakkposar. Håpet er at det har gjort susen. Eller at me har flaks. Dess nærare me kjem dess større vert trua på at det er heile, urøyvde sekkar me ser ligge der. Dess nærare me kjem er me også nærare isbjørnen sitt favorittområde, og me vel og halvladde ei rifle. Heldigvis unødvendig. Ikkje så godt som eit kvitt dyrehår å sjå nokon stad.

IMG_1195

Gleda er stor når me spottar tømmerstokkar som ligg som dei gjorde, og fargerike pakkposar under og innimellom. Maten vår er truleg inntakt!

Vegen tilbake vert….. tung. Låra har det bra, og pusten har det bra, men føtene verker så det krev all mi evne til å ignorere smerte å halde fram. Anders kjenner på at ryggsekken han har ikkje er optimal for hans rygglengde, og i eit parti der, opp den lengste moreneryggen av dei alle, eit par timars tid, er me inne på «tell hundre skritt og ta pause» metoden. Eg trur det er første gong sidan barndommen. Midtvegs gjer me kål på den eine kokesjokoladen som var bevilga voksenavdelinga i vår familie i dette depotet. Det er i natt me treng han mest.

DSC06829

Skiferheller og kvasse stein. Den gir etter under beina på deg når du går, og du synk nedi til ankelen.

Når me endeleg er attende på vestkysten er det berre ein ting å gjere; vende nasen nordover, og marsje på. Anders har behov for pauser for å strekke ryggen. Pauser for meg er ei endeslaus liding for føtene. Og slik bevegar me oss framover. Passe i takt. Kl. 09:00 har me framleis nokre kilometer att, og me ringer til leir for å seie frå at me har det bra og er rett rundt hjørnet. Ingen svar, ikkje påslått telefon. Me går i 10 minutt. Ringer igjen. Same resultat. Eg kjenner eg vert litt engsteleg, og litt forbanna. «E kje det berre å få på den hersens telefonen?». Mitt rasjonelle eg seier at alt er bra, at det er noko gale med telefonen. Mammaen i meg brøler. I det Anders anar konturane av ein springmarsj, får han endeleg svar. Alt i orden, teknisk trøbbel med telefonen. Skjerpings Therese.

I det me skrevar over snubleblusset i leir, ser nok forfatninga vår berre slik passe ut, for Tone er snar å by oss ein kopp The. Me legg oss nedpå nokre timar, før me står opp til bål og sosialt. Tross skrikande kroppar og lite søvn på alle vaksne, pakkar me saman, med mål om å gjere nokre kilometer siste halvdel av dagen. Og at eg verkte i føtene på tampen av etappen? Forklaringa syner seg å være blåkular, langs innsida på begge fotblada. Akkurat dette døgeret skulle eg nok hatt jaktstøvlar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mengdene drivved er luksus. Me vert alldeles godt vandt.

P1010531

Samla flokk i retninga eg og Anders kom frå for berre få timar sidan.

Skodda sig på, og me går ikkje så langt på denne halve dagen, omlag 5 km, til alle er rett vest for Petuniaskaret. Men det er nok. Planen var jo eigentleg å gå heilt hit i går, og så ta heil kviledag her medan nokon marsja etter depot. Me er i «rute» før morgodagens marsj likevel. Kveld og kveldsro. Årvåkne bjørnevakter skal for første gong halde vakt i det som kan beteiknast som riiiiimeleg dårleg sikt. Og som kjent, i mørkret vert alle kattar……evt i skodda vert alle bjørnar….

Forrige innlegg om vår sommarferie i arktis finn du her:

Om fuglefjell og isbjørn.

Du kan lese meir i det følgjande:

I skodda vert alle bjørnar….

Filed Under: Familietur, Svalbard - Prins Karls forland 2015 Tagged With: #Nattinaturen, 2015, Anders, Depot, Dina, Elisabeth, Familietur, Fride, Helle, Jakoba, Kasper, Kristin, Kulpen, Nikolai, Nina, Petuniaskaret, Prins Karls Forland, Svalbard, Traquaristranda

Naturnært gjennom blogg

Pelskant

Hei!

På Naturnært vil du finne informasjon om det eg driv med knytt til natur, i arbeid, skule og fritid.

I bloggen min delar eg med ujamne mellomrom nyhende, historier og små rapportar frå det som går føre seg, for den som vil halde seg oppdatert.

Velkommen inn 🙂

Kategoriar

  • Bretur
  • Familietur
  • Foredrag og forteljing
  • Grønland på ski – Nansenruta 2017
  • Kajakk
  • Natur- og kulturminneoppsyn
  • Skitur
  • Svalbard – Prins Karls forland 2015
  • Topptur sommar
  • Topptur vinter
  • Trekkhund
  • Turtriks og utstyrstips

Ein smak av fjell, fjord og kvilepuls

Naturnært på Instagram

Copyright © 2018 · Naturnært · Therese Moe Øye