07.07.2015: Det er morgon i vindholet, ein deilig slakk ein sådan. Dag 4 på tur, og ungane har teke ei avgjerdsle om at dei ynskjer båldag. Ønsket vert innvilga. Eg og Nina bestemmer oss for å spasere oss dei vel 5 km til Fuglehuken for å ta ein kik. Deilig med lett oppakning! Turen går i fint terreng, og lydane frå det aktive fuglefjellet held oss med lag heile tida. Mengdene med drivved er enorme, og floraen nedanfor fuglefjellet er rik. Dei har gjødsla godt desse bevenga skapningne opp i fjellveggen. Reine landskapskultivatorane.
07.07.2015: Early morning in «camp Vindholet», a slow one that is. It`s day four of our hikingtrip, and the kids made a decission they want to spend the day by the fire. Me and Nina decide to walk the 5 km to «Fuglehuken» to have a look at the bird- and wildlife there. It feels good to be hiking with a lighter backpack for once! The hike goes in easy terrain, and the sounds of the thousands of birds nesting in the mountain «Fuglehuken» keeps us companied the entire walk. The amount of wood drifted from russia and washed ashore is enormous, we could builde larg campfires here for months without ever running out of woods. The field beneath the mountain is a flowerbed, where the bewinged creatures higher up in the mountainside sees to it that the landscapes flora stays like this, with the finest furtalizer. Mother earth. Little do we know, that the next few days, she has great experiences planned for us.

Eg ser føre meg ferda desse tømmerstokkane har bak seg frå russisk arktis, og vert nesten litt svimmel.

«Berre vent til Lomvikidsa skal lære seg flyge. Då skal eg ete meg rund og god på fuglebryst». Foto: Nina Karoliussen
Omlag 20 minutt frå nordspissen av Fuglehuken, vel me å ete og snu. Me har sjølvsagt lyst til å gå heilt rundt og få sett det nordlegaste punktetog fangsthytta der, men me har avtalt tid me skal være tilbake. Slike avtalar, på slike stadar, bryt ein ikkje. Lunchunderhaldninga sørger våre firbeinte og våre bevenga venner for.
Me ruslar tilbake til gjengen på stranda, og møter nøgde vaksne ved bålet, og ein gjeng born i full sving. Dei har funne store mengder flint, og saman med drivved og knivar har dei alt dei treng for å drive våpenproduksjon i stor stil. Dei har også funne ein teknikk med å gni ein steinsort over ein annan på buksebein og andre tekstilar, og får fine sobre fargar i breie striper. Dei minner om nordlys. Eg ser på dei og tenkjer, at her kunne dei glatt vore dei neste sju dagane. Aldersforskjelar er viska ut, dei er berre sju minimenneskjer. Tilstades her og no.

Piiiiiiiitelitt av samlinga. Det måtte knallharde prioriteringar til for å legge att litt av samlinga på stranda.
Dagen etter har det skjedd noko. Det er tydeleg at det hjalp på med ein kviledag for ungane. Det er akkurat som at dei har gått gjennom ein prosess denne dagen. «Ok, er det slik å være på tur her? Det var litt uvant, og eg kjenner på ting eg ikkje har kjent før, men no er det ok, eg er klar!». Det går så det kostar nedover mot Niggbukta. Terrenget er relativt tørt så lenge me held høgda opp mot fjellfoten, og stemninga er på topp.
Medan me går slik skvaldrar, høyrer eg brått heva stemmer. «Kva sa de?» «BJØRN!». Åh! Eg lyftar blikket fram. Der susar ei binne avgarde, med ein unge i helane. Ned frå fjellsida framom oss, skråar ho sletta i godt tempo, utan å sjå seg attende. Ho forsvinn rundt neset. Det samme neset me skal rundt. Me held pusten. Det gjekk så fort! Me er fortumla, og spente. Me hadde eigentleg ynskt oss å sleppe møte isbjørn, men av ein eller annan grunn trygga dette møtet oss. Ho var tydeleg IKKJE interessert. Ho skunda på ungen sin, og rømde medan ho vann. Me kjem fram til at det er tid for pause. Gi mor og ungen tid til å kome seg langt vekk.

Me vel å gå høgt opp mot fjellsida for å unngå dei våtaste partia ved Niggbukta. Utsikt nordover mot Fuglehuken. Omtreng her opplever me vårt første møte med ei isbjørnbinne. Det skal vise seg at me får henne til selskap fleire gonger dei neste dagane.
Etter pausen organiserar me oss som me har avtalt ved slike situasjonar. Ein fortropp med signalpistol og våpen. To vaksne i midten med ungane. Ein i baktropp med våpen. No går Elisabeth og Nina i fortropp, for å sjekke området rundt neset. Tone går med Harry og ungane, tett fulgt av Anders med Balder. I rufsete terreng med tung sekk er det han som har best koll på den sterke grønlenderen. Eg dannar væpna baktropp. Historiene er mange om isbjørn som går i ring og kjem att bakfrå. Sjølv om mykje ved møtet tyder på at dette ikkje skal skje, er me likevel føre var.

Nina og Elisabeth har gjeve klarsignal om at binna ikkje er gøymd nokon stad i det rufsete terrenget rundt neset.

Innimellom trange passasjar og stein. Eg tippar me såg nokså komiske ut der me kom, med tunge sekkar, born med store auger, bikkjer, våpen og sveitte panner i skjønn foreining. Foto: Anders Kristensen.

Sjølv om me kjenner oss trygge heile vegen, og føler me har god kontroll på sikringstiltaka, går lufta litt ut av oss når me kjem i oversiktleg terreng, opplevinga skal fordøyast. Foto: Anders Kristensen.
Vel rundt neset er det eit flott syn som møter oss. Nye fjell og sidedalar, og me ser også ei bu ute på Kappet. Me bestemmer oss for å gå ut dit, for ein kik og ein pust i bakken.
Bua på Kapp Sieto er bygd av drivtømmer. Den har inga varmekjelde, og er ikkje betrakta som ein bistasjon til fangststasjon, og er heller ikkje freda. Den har truleg vore bygd og brukt som ei rein naudbu.
Kjelde: www.academia.edu
Etter bua går me eit par økter til før me tek natt. Det er tydeleg at isbjørnmøtet har trygga ungane meir enn det har gjort dei engstelege, alle er klare for å sove under open himmel.
Denne natta er det min tur til å ha siste vakt. Det vil seie at eg skal få åtte timar samanhengande søvn. Slik blir det ikkje. Ein eller annan gong omtreng midt på natta vaknar eg av den låge stemma til Nina gjennom teltveggen. «Anders? Therese? Kan de kome ut litt? Eg trur eg ser at binna, vil de kome ut og sjå?». Snakkar meg om! Lys våken på 1,2,3! Jaudå, det er henne. Me ser henne gjennom kikerten, ho har tilhald ved nokre låge moreneryggar nede ved sjøen. Likevel kryp me til køys att. Bjørnemor er fleire kilometer borte, og ser ikkje ut til at ho har tenkt seg ut på vandring i natt. Avtale om umiddelbar vekking ved aktivitet. Og på 1,2 og 3 er eg i drøymeland att.

Me har etterkvart fått god rutine på å hjelpe kvarandre på og av med sekkar. 10 slike på-og-av per dag, med sekkar i denne vektklassa, kan fort belaste uheldig om ein skal bryte på åleine kvar gong. Foto: Nina Karoliussen.

Me har ette utav sekken litt, og brent opp litt gass. Tippar han no ligg på 35-40 kg. Røra som stikk opp er to av dei tre me brukar for å spenne opp snublebluss. Signalpistolen på skulderreima, lett tilgjengeleg, med skota i lårlomme. Foto: Anders Kristensen.
Etterkvart som dagane går anar me konturane av ei slags rytme: Opp kl.10:00 – avgang kl.13:00, ofte vert den litt meir. Campslaging kl.21:00 er målet, men også der sviktar det enkelte dagar. Start og stopp må avogtil sjåast i samanheng med terreng og vind og isbjørn, så me overskrid denne ved fleire høver.
Første isbjørnvakt kl.24:00. Rullerande vakt gjennom ti timar. Tilsaman utgjer søvnperioden og rutinane morgon og kveld tek til saman 16 timar av døgeret. Då står det att åtte timar.
På desse timane skal me gå økter, ete lunch, samt ha kortpausene. Kortpauser på ti minut syner seg vanskeleg og overhalde, når ein er fleire born enn vaksne. I løpet av ei pause skal ein gjerne ta seg av både eigne behov og eit eller fleire barn sine behov. Den som har prøvd stramt oppsett på pauser i eit følgje med vaksne, veit kor disiplinert og rutinert ein skal være for å greie dette. Med desse føresetnadane vert det stort sett fem marsj-økter per dag. Nokre dagar er me nede på fire, nokre dagar oppe på seks.
Etter Millerbreen og elvevading held me fram gjennom eit parti med moreneryggar og småelvar, før me kjem over i eit jamnare terreng. Me held høgde for å gå mest mogleg tørrskodd, og speidar aktivt heile tida, etter binna og ungen. Brått ser me to kvite «haugar» som bevegar seg. Opp med kikerten. Der er dei, framom oss.
Den bråkete gjengen oppe langs fjella gjer at mor skundar på ungen sin, «no kjem dei hersens turistane att! Lat oss kome oss ned til sjøen før dei er for nærme». Ho oppfører seg nok ein gong «etter boka», uinteressert i menneske. Det er tydeleg at dei har nok mat. Me held endå meir høgde, syner henne att me ikkje er interesserte i å ha noko med henne å gjere. Gjennom kikerten ser Anders at mor har eit kadaver der nede som ho et på. Endå viktigare å halde avstand. Mor legg seg til der nede, med rompa mot sjøen og hovudet mot oss. Ungen leikar, og det ser idyllisk ut, men me veit ho har oss i augekroken. Me er andektige. Spente. Takksame.
Når me er forbi held me framleis høgde. Me har heile tida snakka med ungane. Fortalt dei kva isbjørnen gjer, og kva me gjer. Organiserte i flokk gjeng dei lutter øre, og med store auger. Dei synes det er stas. Eg er samd. Når ein får treffe bjørn på dette viset, og dei så tydeleg ikkje vil ha noko med oss å gjere, er det artig, og ei stor naturoppleving.
På trygg avstand tek me ei pause ved nokre buldresteinar, før dei siste øktene. Kvelden kjem og me slår leir. Me har ei av dei lengste dagsetappane så langt bak oss, og ser oss nøgde med att me nærmar oss Petuniaskaret i passe tid til å få henta neste depot. Me vonar at me kan gå til skaret alt i morgo, sjølv om det føresett ei etappe like lang som i dag.

I fullt alvor seier min sønn»Mamma, kvifor har me ikkje med crashpad og klatresko?» «Eh, du synes kanskje ikkje me har nok å bære på?» «Du hadde jo greid det mamma» seier han, med litt uforståande blikk. Godt å vite han har ståltru på mor si.
Ved leggetid kryp både eg og Anders i teltet med ungane. Det er greit å få litt skjerma «familietid» åleine iblandt, spesielt når ein er på ein tur saman med så mange andre, over så lang tid. Etter opplevingane me har hatt i dag, er det kanskje ekstra viktig, og ekstra stas, å få runde av dagen saman. Kortspel og isbjørnprat. God stemning i det raude teltet nord på Traquaristranda.
Forrige innlegg om vår sommarferie finn du her:
Vestkysten eller døden.
Elisabeth si oppleving av turen finn du her.