Naturnært

  • Blogg
  • Naturveiledning
    • Grunnleggande orientering
    • Vinterfeltkurs
  • Foredrag
  • Trekkhund
    • Kennel Kalaaliaraq – Lille Grønland
    • Om oss

«Vestkysten eller døden»

31. august 2015 by Therese Leave a Comment

06.07.2015 kl.10:00: Revelja går i camp Okerhaugen. Me har avtale om at siste bjørnevakt vekkjer campen, og målet er å greie å være klar til marsj omlag kl.13:00. Tre timar trengs når ein skal lage frukost til store familiar, rense vatn, pakke leir, rigge ned snublebluss, kløve bikkjer osv. Det skal vise seg at om nokon mistar fokus eit bittelite minuss eller to, så vert det fort 3,5 time, og avogtil 4. Dette til tross for at det er lite kaffeslabberas om morgonen. Ting tek rett og seltt tid, i eit så stort følge, der det er fleire born enn vaksne. Me innfinn oss med dette faktum, men arbeidar likevel kvar dag mot målet om 3 timar.


10 a:m and the last bearwatch is «knocking» on the red nylon door. The goal for today is to be ready to go at 13:00. Three hours is definetly needed when one i s supposed to make breakfast for an entire family, cleanse water, pack everything, unrig the flare-mountaed fence we set up for polar bear alarm, sadle up the dogs etc . If anyone looses focus for a moment, the time spent quickly expands to  3,5 hours, sometimes 4, despite a minimum of «coffetalk». Things just simply seem to take time, in a group this size, with more kids then adults. We recognize this fact, but still we deside to every day work towards the goal of 3 hours.

P1010423

Morgon ved Taylorfjellets fot. Utsikt mot Niggdalen og Stairhøgdene. Foto: Anders Kristensen.

P1010437

To gode venner ventar tålmodig på at alle skal bli klar til  marsj. Foto: Anders Kristensen.

DSC06722

Tre av dei finaste <3

Me tek peiling vidare innover Niggdalen. Landskapet her er spennande, og me ser at det har effekt på borna. Dei gløymer seg, og me snik inn ein liten ekstra halvtime før pausa. Normalt opererar me med pause ein gong i timen. Me har lunch etter to økter, og går to til tre økter til. Det kan verke litt lite for den som er van med å gå lange turar, men alle oppgåver som skal pressast inn i eit døger syner at det må bli slik.

DSC06712

Ved «gullelva».

picmonkey

Nikolai vert storleg engasjert, og er motvillig mot å gå vidare. Hit vil han reise igjen, med gullgravarutstyr. Han er overbevist om at han kjem til å bli rik. Eg er overbevist om at denne vesle spiren kjapt kunne blitt ein eventyrer med gullfeber.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

🙂 Foto: Nina Karoliussen.

Midt i ei marsjøkt kjem me til ei artig elv, som glimar av gull. Ungane har så lyst å stoppe, og dette er eit av dei gode døma på kor tida går. Me kan ikkje godt marsje forbi berre for å halde skjema, så me stoppar og studerar litt. Ansiktsmaling må til, og fabling om framtidig rikdom ved graving i elva. Me merkar på enkelte av ungane at det er dag tre på tur i dag, «hvetebrødsdagane» er over og ein skal lande i rutiner. Humøret er bra, men det er uvant arbeid. Likevel er alle fokuserte på den vestkysten me så inderleg vonar er tørr og lettgådd, og held stø kurs.

Etter stoppet utsett me den neste timespausa littegranne, så pass me har tilbakelagt litt meir enn ein kilometer før me tek pause. Etterkvart vert det tydeligare at me nærmar oss vestkysten, og ungane dreg med fornya energi, i godt tempo opp den slake motbakken opp mot skaret mellom Nigghaugen og Taylorfjellet. Når vi får første synet av havet i vest, er det høglytt jubel og glede. Dag tre på tur, og første gong med ny utsikt. Timinga kunne ikkje vore betre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tone, Fride, Kristin og Dina arbeidar seg oppover og vestover i Niggdalen. Fjella på Spitsbergen i det fjerne, langt lenger vekk enn det kan verke.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nærmar oss skaret.

DSC06724

Endeleg vestkysten!

DSC06725

Ser du reinsdyret? Evolusjon altså! Coolers.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mat må en ha. Bankers pauseplass. Utsikt mot øyas nordlegaste fjell, fuglefjellet Fuglehuken. Foto: Nina Karoliussen.

Vel oppe i skaret vel me å gyve laust på den bratte sida ned mot strandsletta før me tek pause. Det er så greit å få starte ei ny økt i lett terreng.

DSC06727

Happy peeps, happy dogs.

DSC06737

Ein god soldat tek den kvild han kan få…..

DSC06733

og det er det vist fleire som har skjønt….:)

Me held fram nordover Horneflya. Målet er så langt som me kjem mot Fuglehuken i dag, for å ha kortast mogleg veg dit i morgon. Frå skaret er det omlag 10 km, grovt rekna det halve av kva det hadde vore på austsida. Dette dels fordi me har gått i nordvestelg retning, dels fordi det er strakare vegen, då Fuglehuken ligg litt nordvest for vårt landingspunkt. I tillegg er me over på den sida det er ynskjeleg å gå. Austsida er prega av bratte brefall som bryt opp strandsona, våte forhold og rufsete terreng. Det kjenner me oss ferdige med.

P1010383

Det er ikkje utan grunn at me etter endt tur leitar etter ein stad å bu, der me kan få ha Balder saman med oss. Han skal pensjonerast frå arbeidet som ekspedisjonshund, og det er bestemt at han skal nyte pensjonistlivet saman med oss, på Sunnmøre.

Når me kjem så langt nord som Vindholet, slår me leir. Me har gått vel 10 km denne dagen, samt nokre høgdemeter. Det er omlag 10 km tur/retur Fuglehuken, for den som vil dit i morgon. Det er ein fin tur med lett dagstursekk. Nokre har prata om å ta dagen ved leir, gå ned til sjøen og brenne bål og kose seg.

Alle borna får velje kva dei vil. Nokre er på «bål» med ein gong, medan andre har litt tyngre for å ta ei avgjerdsle. Me utsett fristen for avgjerd til i morgon. Kanskje vil ei god natts søvn gjere susen.

Ved leiren kastar ungane seg i leik ved vassdammen, og det tek ikkje lange tida før velkjente ordrar om å «i det minste prøøøøøøve halde deg tørr» kan høyrast, mellom gledeshyl, plaskelydar og oppgitte sukk. Med andre ord nett slik det skal være.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Camp Vindholet. Her er sola borte eit par timar, bak fjellet. Ho kjem attende tidlega på natta, og alle bjørnevaktene får nyte godt av ho, med unntak av den første. Foto: Nina Karoliussen.

Me riggar oss til for ei natt som vert alt anna enn vindfull, ved Vindholet. Isbjørnvakta har underhaldning i dei mange nysgjerrige reinsdyra som dukkar opp, samt skipa me avogtil ser passere forlandet langt der ute. Anders dreg kjensel på dei, og det eine navnet etter det andre trillar ut. Mellom anna passerar det ein kvalfangsbåt heimehøyrande i Stamsund, Anders sin heimstad. Artig!

Jakoba og Kasper finn ut at dei vil sove ute, og riggar seg til med jervendukar og underlag. Eg gliser for meg sjølv. Godkjensla kjem snikande, når borna tek slike initiativ, og den vert med meg i soveposen, og langt inn i drømmeland.

IMG_1152

Usikker på om eg eigentleg bør feste min lit til Balder som varslingssystem 😛

IMG_1149

Tenåringane klar for utenatt.

IMG_0283

Ein av nattens mange firbeinte gjestar. God og rund Svalbardrein. Eller….det er vel me som er på vitjing hjå dei? Foto: Nina Karoliussen.

Tidlegare innlegg om vår tur til Prins Karls Forland finn du her:

Ein draum om polarrev, kvalross og lomviungar.

Løyve til nødpeilesendar i boks.

Matplan, depot og logistikk.

Ankomst Longyearbyen.

Om eventyrlege Isfjorden og kvalrossen ved Richardlagunen.

Over Sildresletta med bursdagsbarn.

Du kan lese om turen i det vidare her:

Om fuglefjell og isbjørn. 

Filed Under: Familietur, Svalbard - Prins Karls forland 2015 Tagged With: 2015, Anders, Dina, Elisabeth, Fride, Helle, Jakoba, Kasper, Kristin, Niggdalen, Nikolai, Nina, Okerhaugen, Prins Karls Forland, Svalbard, Tone

Legg igjen en kommentar Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Naturnært gjennom blogg

Pelskant

Hei!

På Naturnært vil du finne informasjon om det eg driv med knytt til natur, i arbeid, skule og fritid.

I bloggen min delar eg med ujamne mellomrom nyhende, historier og små rapportar frå det som går føre seg, for den som vil halde seg oppdatert.

Velkommen inn 🙂

Kategoriar

  • Bretur
  • Familietur
  • Foredrag og forteljing
  • Grønland på ski – Nansenruta 2017
  • Kajakk
  • Natur- og kulturminneoppsyn
  • Skitur
  • Svalbard – Prins Karls forland 2015
  • Topptur sommar
  • Topptur vinter
  • Trekkhund
  • Turtriks og utstyrstips

Ein smak av fjell, fjord og kvilepuls

Naturnært på Instagram

Copyright © 2018 · Naturnært · Therese Moe Øye