05.07.2015, omlag 78 grader og 48 grademinutt nord: Det er morgon, og eg går inn i ei runde til med bjørnevakt. Me har ikkje avtalt avgangstid for dagen, og det ser ut til at folk er trøytte. Eg tenkjer at ei totimersvakt til kan gjere seg, før me bryt på. Ein slags mjuk start. Eg nyt synet av eit forland som i løpet av natta har klarna, medan resten av leiren sakte vaknar til liv.
05.07.2015, approxomately 78 degrees 48´ north: Its morningtime, and i head into another round of bearwatch. We did not agree upon todays departuretime last night, and it looks like people are really tired. Planning and organizing trips is obviously an exhausting activity! A couple more hours will do everyone good. A kind of soft start. During the night, the weather turned lighter, and the wiev is magnificent. I enjoy it, while the rest of the camp slowly turns to life.
Tone og Nina ruslar avgarde på morgonkvisten, for å hente restane av depotsekkane nokre hundre meter lenger nede. Me var rimeleg lange i armane i går kveld, og la dei att litt nedom leiren. Eg var ned og henta vår i natt etter første vakta mi, og byrjar difor å pakke om siste rest. Dei to fotoglade damene er slett ikkje lei seg for å måtte gå ned mot kvalrossane att. Eit høve til å fotografere litt i fred og ro trur eg dei synes er ekstra bonus.
Etter frukost tek me eit kjapt og enkelt ferdaråd. Tilbake hit skal me ikkje, så me ber med oss alt vidare vestover. Når me kjem inn til foten av fjellkjeda som går nordover, ser me an føret, og tek ei endeleg avgjerd på om me skal nordover langs austkysten eller om me skal gå gjennom Niggdalen og over til vestkysten. Me startar marsjen over Sildresletta, i nordvestleg retning mot Taylorfjellets austrygg.

Store tilhøve, gjer at det ofte er lenger «bort til fjellet» enn det ser ut som for det blotte auget. Bruk av kart for tidsberekning er turvande, spesielt i starten, til du er «innkalibrert» på terrenget.
Etterkvart som me går, vert det tydelegare og tydelegare at føret på austsida generelt er vått og tungt. Me sig ned i gjørma til oklane. Kjensla av «sugekoppar» på føtene, i tillegg til 45 kg på ryggen gir ikkje akkurat spenstig gange. Me har intet ønske om å vende tilbake til dette terrenget. Me håpar at vestsida er tørrare, og vel å halde fram med å bære med oss all maten. Skal me til Fuglehuken, skal det skje på vestsida. Me konkluderar med at Sildresletta ber sitt navn med rette, og sett nasen bestemt innover mot Niggdalen.
Me kjem oss over eit langt vått sumpaktig parti, og ser eit slags system av moreneryggar. Me vel å gå desse, sjølv om dei tek oss litt hit og dit i terrenget. Tidsbesparelsen på å gå fast og tørt er så stor, at me kan tillate oss litt «sikksakk» mønster.

Fride med tendensar til gnagsår. Ei av dei problemstillingane ein ikkje «ser an». Det må behandlast tvert, så ein slepp velutvikla sår og tenners gnissel i tolv dagar.
Etterkvart kjem me innover landskap der bakken ser ut som eit digert puslespel med like brikkar. Utruleg stilig, litt «star trek-ish». Dette er strukturmark skapt av permafrostens spreng. Dei kjem i ulike variantar. Tone kan fortelje at denne vert kalla Polygonmark.
Polygonmark er et samlebegrep for overflatestrukturer i løsmasse med geometriske mønstre. Strukturene dannes ved frysing og tining av de øverste lagene i permafrosten.
Ved sammentrekning av isen oppstår det sprekker som så fylles med vann som igjen fryser og utvider seg. Ved frysing utvides isen og bulker opp overflaten.
Ideelt vil bulkene ha sirkulær til sekskantet form for å utnytte arealet best. Inhomogeniteter i løsmassen sørger for avvik fra denne formen. I hellende terreng vil strukturene bli avlange. I sterkt hellende terreng oppstår det ofte et stripemønster.
Jo større stein som ligger i permafrosten, desto fortere ledes varme inn eller ut av undergrunnen og sørger for forskjellige frysnings- og tiningshastighet i avhengighet av partiklenes størrelse. Dette bevirker etter hvert at materialet sorteres etter størrelse og heves ut av undergrunnen.
I avhengighet av disse faktorene dannes steinsirkler (steinringer), steinpolygoner, steinstriper, eller usorterte polygonale eller stripete sprekkemønstre i bakken. Vegetasjonen tilpasser seg gjerne og fremtoner mønstrene.
Iskilepolygoner er store polygonale strukturer (10–80 m) som best synes fra langt hold – fra en høyde eller fra fly.
(Norsk polarinstitutt www.npolar.no; 20.08.2015 kl.10:34)
Etter strukturmarka kjem nok eit vått parti, som me greier unngå med å ta litt høgde opp i den sydvendte sida av Svarthaugen. Etter kvart som det ber oppover, vert det stadig tørrare, og jamt lettare å gå.
Vidare innover og litt oppover ber det. Me passerar reinsdyr og snøbruer. Siktar oss inn på Okerhaugen, tenkjer at det kan det vere ein passeleg stad å slå leir.

«Korleis er snøen der?». «Ess, den er vel roten» repliserar eg. 20 sekund seinare står Anders til midt på låret i roten snø, med 55-60 kg i sekken. Fin at me ikkje skal gå store snøparti.
Me kom i gang seint i dag, og tek tidleg kveld, men slik får det berre verte. Erfaringsmessig gjer mjuke startar at ein del ting fell på plass av seg sjølv, utan eviglange diskusjonar og «synsing». Det som eventuelt ikkje flyt godt etter nokre dagar, får ein finne ei ordning på.
Framme på Okerhaugen finn me ein fin stad å slå leir oppe i sida. Å finne fire noko lunde flate tomter, som står tett nok til at snubleblusset som skal opp rundt leiren ikkje får for langt spenn, er ikkje berre berre. Denne gongen må me finne oss i å gå eit lite stykke etter vatn.
Vasskvaliteten i elva ved Okerhaugen er bra. Det er ikkje reint brevatn, og det renn med bra fart. Med stor sannsynlegheit kan me drikke dette utan å gjere noko med det, men me tek ikkje sjangsen så lenge me har så mange born i leir. Så det blir til at me hentar drikke i alle flasker, og i Nina si brettbare 10-litersbøtte på kvelden. Me rensar det med rensetablettar. Til matlaging nøyer me oss med at vatnet vert kokt.
Det tek ikkje lange tida frå me seier «her skal me slå leir», til området er eit kaos av tilfeldig droppa sekkar, kløvar, bikkjer som tissar på sekkar, teltstenger og rungande barnelatter frå ein flokk i leik. Kveldsmaten i dag skal være ekstra god. Nysteikte «Turstykker» frå Tone og pølsefest frå depotsekken vår. Kristin er 8 år i dag, og det må feirast. Ein ekstra rull med fruktkarameller lokkar fram eit lukkeleg smil. Ei lita stund trur nok våre to firbeinte at det har rakna for oss. «Hurra for deg som fyller ditt år» ljomar utover Niggdalen. Me dansar, bukkar, nikkar, neiar og snur oss i kring, og gratulerar. Me lovar skikkeleg bursdagsfeiring med kaker og is når me kjem til Longyearbyen, og Kristin er nøgd.
I ståken og ståheien er det to som trekk seg unna. Harry er ikkje like van med kløven som Balder, og sjølv om han ber lettare, er det tydeleg at han sett pris på kvila. Nikolai trekk seg attende til teltopningen, og endar med å ete kveldsmat i soveposen. Han er glad og fornøgd, men sliten. Før me reiste hadde han same runda med influense som mor, og energinivået er nok ikkje heilt på topp enno. Eg tenkjer i mitt stille sinn at eg er glad me har med både ekstra antibiotika og ymse remediar for å lette plager ved sjukdom, i vårt utvida førstehjelpsskrin.

Frå teltopninga fylgjer Nikolai med i leiken. Han heiar og engasjerar seg, men orkar ikkje være med. Han sovnar med pølse nr.3 i handa.
Me har gått 5,2 km pluss terrengtillegg, altså omlag 6,5 km. I det terrenget me har hatt, har me periodevis vore ned i ei fart på 1,5 km i timen. Det er berre kunnskapen om terrengets påverknad på fart, og vitenen om at ein treng nokre dagar på å gå seg til, som gjer at eg ikkje vert bekymra for dagens tempo og etappe.

Hovudingrediensane i ei bjørnevakt. Minus snusen, den er berre for spesielt interesserte (les: Anders). I tillegg kjem signalpistol og skot, samt snublebluss. Sistnevnte er spesielt viktig ved dårleg sikt, og/eller uoversiktleg terreng.
Det eg grublar meir enn på enn dagens etappe i det eg gorrar meg ned i soveposen etter første bjørnevakt, er kva dei andre tenkjer om å gå til Fuglehuken. I utganspunktet var planen slik at me ved enden av dag 3 skulle være komne gjennom Glenmoredalen og ned på nordre delar av Langflya. Når me no går nordvest, for å prøve Fuglehuken, vil me truleg verte ein dag på etterskot. Det er på ingen måta noka krise. Me har gode marginar på tida vår, då me har rekna tid til å gå heile øya på langs, utan at det nødvendigvis er målet. Dei mange fjelldalane som går aust-vest, gir oss moglegheiter for å krysse over til austsida å bli henta, uansett kvar på øye me er. Det einaste me må rekke, er til neste depot, før me går tome for mat. Heldigvis har me med dei ekstra forsyningane som me er pålagde frå sysselmannen, og har «råd til» å være litt bakpå. Me må berre være samde om kva som skal prioriterast. Eg tenkjer, at dette må me snakke om i morgo.
Tidlegare innlegg om vår tur i arktis kan du lese her:
Prins Karls Forland – ein draum om polarrev, kvalross og lomviungar.
Løyve til nødpeilesendar i boks.
Om eventyrlege Isfjorden og kvalrossen ved Richardlaguna.
Legg igjen en kommentar